Smerta
Sjølv om dei pressar på, klarer eg ikkje anna enn å halde dei inne. Sjølv om det kjennast som om eg ikkje har sove på fleire år, klarer eg ikkje å sovne. Eg vil lage eit hol i kvar fingertupp og kvar tå, i panna og i sirklar rundt heile kroppen min; for å sleppe den ut. For å sleppe ut ho som kjem til meg kvar dag, kvar kveld. Smerta lar meg aldri vere aleine. Og uansett kor mykje eg vil at ho skal la meg få vere i fred, klarer eg ikkje å be om ho kan dra sin veg. Eg veit ikkje korleis verda ser ut utan ho, eg veit ikkje kva livet gir utan ho. Derfor tør eg ikkje kaste ho frå meg. Eg tør ikkje å ta livet i mine eigne hender og snu ansiktet mitt mot lyset. Til og med når det gjer så vondt at den einaste løysinga er å presse litt av ho ut med blodet, sjølv ikkje då klarer eg å sleppe ho fri. Viss eg gir ho friheten, vil også eg få friheten. Å sleppe taket på kontrollen ... Du må føle. Det er for skremmande å gå i blinde. Kanskje finnast det verre enn Smerta. Eg vil ikkje ende saman med Mørket.
20.feb.2012 kl.22:26
Og sjokolade :ppPpPppppPPPppPpP
Marie R
20.feb.2012 kl.23:13