La meg elske deg ein annan dag

Timane er som minutt,
og minutta blir dagar

Eg er opptatt,
ja, av deg, men ikkje med deg

Bøkene held plassen sin
til dei plutselig ikkje gjer det lenger
Men eg har ikkje opna dei
berre latt dei falle vilkårlig
mot bakken

Tapeten treng pausar
frå auga mine
Det er då eg forstyrrar bøkene
ei etter ei, og lar dei falle

Mange dagar har kome,
og mange dagar har gått
Elsk meg
og la meg elske deg
ein annan dag

©Dorte Gytri

  • 13.05.2012 kl.14:02 i Kreativt
  • 2 smil

    Husk at du er best i verden

Fantastisk søndag til å feire bursdagen til mor!



Snøskred

Det er april og snøen i fjella er vekke. Vi har ikkje så store fjell her, med andre ord. Det er april og våren er her for fult. Tulipanane har kome fram, og dei blir fleire og fleire, dag for dag. Dei er vakre, og fargerike. Dei minnar meg om liv og håp. Håp om det å begynne på ny, og at sommaren alltid vil kome. Fuglesangen vekker meg. Det er ingenting som er så vakkert som å sitte aleine i naturen og kjenne vinden blafre med håret ditt, og høyre fuglesangen som er uprega av alt kjaset og maset som vi ellers er så opptekne av. Då finner eg ei ro, då syns eg livet er godt å leve. Trur eg. Det kjem snart blader på treda, og det vil vere meir grønt. Det er så levande det grøne, det gir meg trua på livet: at livet er meir enn mennesket. Menneske gjer meg ofte sliten, det er så mykje ein skal gjere, så mykje ein skal vere, og alt helst på same tid. Eg trur mange kan kjenne seg igjen der. Men livet er meir, og det minnar våren meg på. Kveldane blir lenger, og ein vaknar til lys. Men det kjem framleis snøskred.

You remind me

When I wake up in the morning
next to you
When I go to sleep in the evening
next to you

I do it with a smile

You remind me of what life is supposed to be like

Alt er over

Alt er over, og intenting teller mer. Jeg har mistet livet mitt i bakken, og det gikk i tusen knas. Alt er over, og ingenting teller mer. Jeg har ingen interesse av å plukke opp bitene og pusle det hele sammen igjen. Det er for mye arbeid og for liten gevinst. Jeg kan ikke skrive: det er for mye arbeid og for liten tid, for det er det. Det er mer enn nok tid. Jeg har resten av livet på meg. Jeg har ingenting mer jeg skal gjøre. Men det føles ikke godt. Alt er tapt.

Framtida

Framtid - det er eit stort ord. Det rommar alt. For ingen veit kva framtida vil bringe.

Kva vil du med den? Det er ditt val. Du kan nå langt, og du kan nå kort, og begge deler er like bra. Du er god nok uansett.

Korleis kan noken bry seg når ...

Korleis kan noken bry seg når dei ikkje tør å bry seg. Korleis kan noken bry seg uten å vise det. Korleis kan noken bry seg når redsla for å seie noke feil er den som vinner. Korleis kan noken bry seg når alt skulle tilsei at dei ikkje gjer det. Når du bryr deg, VIS DET! For Guds skyld vis det, for den omtanken har lite å sei viss den ikkje når fram! Tør å bry deg. Det er kanskje litt det det handlar om, å tørre. Eg personlig har vanskelig for å tru at menneske som ikkje viser at dei bryr seg, faktisk bryr seg. Og det er nok mange som er som meg (det er ei koselig livsløgn at vi alle er så forbanna unike). Derfor oppfordra eg på det sterkaste, bry deg og vis det! Og viss du ikkje bryr deg ... lykke til i livet.

Smerta

Sjølv om dei pressar på, klarer eg ikkje anna enn å halde dei inne. Sjølv om det kjennast som om eg ikkje har sove på fleire år, klarer eg ikkje å sovne. Eg vil lage eit hol i kvar fingertupp og kvar tå, i panna og i sirklar rundt heile kroppen min; for å sleppe den ut. For å sleppe ut ho som kjem til meg kvar dag, kvar kveld. Smerta lar meg aldri vere aleine. Og uansett kor mykje eg vil at ho skal la meg få vere i fred, klarer eg ikkje å be om ho kan dra sin veg. Eg veit ikkje korleis verda ser ut utan ho, eg veit ikkje kva livet gir utan ho. Derfor tør eg ikkje kaste ho frå meg. Eg tør ikkje å ta livet i mine eigne hender og snu ansiktet mitt mot lyset. Til og med når det gjer så vondt at den einaste løysinga er å presse litt av ho ut med blodet, sjølv ikkje då klarer eg å sleppe ho fri. Viss eg gir ho friheten, vil også eg få friheten. Å sleppe taket på kontrollen ... Du må føle. Det er for skremmande å gå i blinde. Kanskje finnast det verre enn Smerta. Eg vil ikkje ende saman med Mørket.

  • 19.02.2012 kl.23:31 i Tankar
  • 2 smil

    Husk at du er best i verden

Guayaquil

Her i Guayaquil er det supertravelt. Vi jobba massemasse med å bygge mur. Det er tungt å blande sement skal eg fortelje deg!

  • 02.02.2012 kl.03:27 i Frekt
  • Étt smil

    Husk at du er best i verden

Myggstikk i GuayAquil - spy - klø overalt!



Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Februar 2012
Dorte

Dorte

20, Førde

Huskeliste

  • - Du er flink

    - Du er fin

    - Ta på eit smil

    - Alt går (enten bra eller over)

    - Lytt til erfarne fjellfolk

    - Det viktigaste er å leve

    - Noken er veldig glad i deg

    - Noken tenker på deg no

    - Du kan klare alt du vil

    - Bry deg om andre

    - Vis deg frå alle sider, også den ærlige

    - Ingen er som deg

Kategorier

Siste innlegg

Spennande dyr

hits